Kanalbyggaren Engebret Soot og kanalfløytinga i Eidskog

Trykket i Jul i Eidskog 1982. Skrevet av lærar Lars M. Fjellstad
Publisert på Vestmarkaboka 19.01.2017.


Fra Årbok for Glåmdalen 1958 og med samtykke fra fr. Martha Fjellstad har vi tillatt oss å gjengi et stykke som omhandler den så kjente Sootkanalen I Eidskog.

I året 1786 kom det til verda ein gut på husmannsplassen Soot i Aurskog.

Foreldra hans ætta frå finnar, som slo seg ned på Mangenskogen kring 1680. Plassen har namnet sitt av det finske verbet soutu, som tyder å ro. Og det kan høve meir enn bra, for plassen ligg ved den vesle sjøen som heiter Sotsjøen, 226 m.o.h.

Det synte seg tidlig at denne husmannsgutten Engebret Soot hadde uvaleg gode evner. Den gangen var det ingen ordna folkeskule her i landet, og heller ikkje seminar-utdanna lærarar. Det var klokkaren som hadde å ta seg av undervisning, serleg kristendomsopplæringa. Så snart barna kunne lesa, så var det å terpe religion. Pontoppidans Forklaring hadde ikkje mindre enn 759 vanskelege spørsmål og svar. Det skulle «ein god skalle» til å hugsa alt dette.

Engebret Soot hadde sterke interesser, som gjekk i realistisk og praktisk lei. Serleg var han oppglødd for alt som galdt teknikk og mekanikk. Men kvar skulle han få tak i bøker om slike emne? Fekk han spurlag på ei slik bok, så kunne han gå fleire mil etter den. Uvær og uføre hindra han ikkje. Kveld etter kveld kunne han sitja i eldskinet attmed gruva og pløgja seg gjenom dei tunge emna. Og mange av nattetimane gjekk òg med. Fram gjekk det, meir enn ein ting synte dette. Som vaksen bygde han mølle- og fløtardammar. Ein slik ein ved Sot og likeeins i Mølledalen vitnar ennå om det praktiske synet hans.

Dei store konsern i østfoldbyane åtte veldige skogar innover mot riksgrensa, og det meste av tømmeret herifrå gjekk til grannelandet. Å føre tømmeret ned mot Haldensvassdraget var ikkje billig. Framkomstvegane var dårlege, så transportutgiftene vart så reint for store. Før 1848 vart ein stor del av tømmeret landkjørt og lagt i velter ved Skjærvangen. Om vinteren vart det så kjørt vidare opp til Tvillingtjern. Det kunne vera tømmer heilt frå grensetraktene ved Odal og Nes.

Engebret Soot som kjende meir enn vel til alt dette, meinte at han såg for seg løysinga: Ved sluse- og kanalbygg laut ein føre tømmeret frå sjøen Skjærvangen og opp til Mortskjølungen. Frå denne sjøen skulle så tømmeret bli ført på kjørebane fram til Tvillingtjern ved Grasmo i Setskog, og derifrå vidare til Haldensvassdraget. Men da Engebret Soot la fram kanalprosjektet sitt for dei høge herrar i Fredrikhald, synte dei han ikkje nokon samhug. Han vart berre møtt med flir og «kasta på dør».

Dei berre såg på han som ein stor fantast. Først da Soot etter mangeårig slit var vide kjend, vann planen om bygget ved Skjærvangen medhald. (I 1829 hadde han det vellukka kanalbygget frå Stora Le i Värmland til Øymarksjøen ferdig.)

Den kjende Haneborgfamilien i Aurskog fekk auga opp for kva ein kanal ved Skjærvangen hadde for seg. Engebret Soot fekk lånt pengar, og byggekostnaden vart rimeleg. Kanalen frå Skjærvangen og opp til Mortskjølungen var nesten 2,5 kilometer lang. Frå denne sjøen tok så skinnegangen fatt og førde fram til Tvilligtjern.

Det let seg ikkje gjera å byggja kanalen heile vegen opp til vasskilet, av di det var så altfor lite vatn. Difor laut Soot byggja ein liten bane det siste 1,5 kilometer opp til Tvillingtjern. Denne skinnegangen var all med seg planlagd og utrekna av Soot sjølv. Over ein djup dalsøkk bygde han så skinnegangen opp som ein gigantisk høgbane, ein 100 meter lang viadukt i tre. Sjølve kanalen utgjorde i 1848 15 sluser: 10 millom Skjærvangen og Steintjern, og 5 millom dette og Mortskjølungen sjø.

Gamle Ola Velta var berre ein smågut den gangen kanalen vart bygd. Det var ikkje dag utan at vesle Ola var ved sjølandet og følgte med i alt arbeidet, for der var liv og rørsle. På ymse stader måtte elva få eit nytt far. Og utanom dei mange demningane av gråstein, så måtte karane leggja opp store jordvollar, så ikkje vatnet skulle fløyme utover åker som eng når dei fylde slusene.

Under muringa brukte arbeidslyden trestaurar og treslaer med kløyvde stokkar til å frakte all steinen fram på. Arbeidet gjekk nok ikkje lett med denne primitive reiskapen, men for å lette steintransporten, smurde dei gørr eller myrgjørme under sla-meiane. Til tau nytta dei vridde bjørkevidjer. Og desse var seige, så dei heldt nok.

Han Ola Velta fortalde at Soot hadde svenskar frå Fryksdalen med seg da tømringa og muringa vart utført. Fleire av desse karane hadde vori saman med Soot ved kanalbygget hans ved Stora Le i Värmland. Alt det andre arbeidet vart gjort av nordmenn.

Han Ola tykte at desse fryksdølane hadde ein rar matrett, for dei tok sammali havremjøl oppi førskinnet (arbeidsforkledet), auste vatn på og knadde alt i hop til ein slags graut. Denne matskikken hadde dei nok etter «värmlandsfinnane», for denne retten gjekk under namnet pippo. Bakaromnen til desse slusearbeidarane sto nede ved sjølandet på Velta. Og han bar brød til karane mest dagstøtt.

1 1848 var kanalbygget ferdig. Ved Mortskjølungen er dette årstalet og namnet Engebret Soot hogne inn i berget. Han Ola Velta tala ofte om den store åpningsfesten for Soot-kanalen. Det var noko av det gildaste han hadde opplevd. Ute på Skjærvangen var det tømra saman ein stor pram. Den var bygd for kanalrepresentantane og andre høge herrar frå Fredrikshald. Med Soot i spissen gjekk dei ut på prammen, som vart drogen oppover frå sluse til sluse, medan vatnet vart sett på. Blant desse høge gjestene var pastor Faye, og han fekk det ærefulle oppdrag å gi kvar sluse namn.

Sjølve dåpen gjekk for seg på den måten at han kasta ei flaske med champagne mot sluseporten og ropte namnet. Det vart nok ingen billig dåp, for det gjekk med ikkje mindre enn 15 flasker med denne dyre nektaren. Pastor Faye ga så slusene desse namna: 1. Norge. 2. Kongen. 3. Sverige. 4. Constitutionen. 5. Fredrikshald. 6. Statsråd Stang. 7. Professor Schweigaard. 8. General Birk. 9. Petter Anker. 10. Pastor Faye. 11. Truls Wiel. 12. Lensmann Haneborg. 13. Dinus Soot. 14. Karoline Soot, og 15. Halvor H. Jensen. —

Han vesle Ola Velta hadde aldri sett så mykje folk samla før – som på denne festen på Skjønneborg om kvelden. Det var folk frå mest alle kantar, og brennevinsgaukane hadde møtt fram. Det var ikkje mykje for brennevinet i desse tidene.

Under ein bergskrent ved plassen Skjønneberg vart det steikt ei heil kvige på spidd. — Etter at kviga hadde vorti drepen, vart ho hengd opp. Og så helte dei smør over henne og gjorde opp ein varme under — — Folk gjekk så frå og til, skar og åt tå dyret som dei sjølve ville.

Det var bygt eit stort dansargolv, og da stemningen var på det høgste, dansa Engebret Soot springdans med ho Rønnaug Grasmo. Og det var par som kunne danse. Ho Rønnaug var ikkje mindre enn 102 år den gangen.

Engebret Soot vart nå ein høgvørd mann, og vide kjend for kanalbygginga si på svensk som på norsk side. Han var tilsett som fløtarinspektør for Haldensvassdraget, og det var eit arbeid som i aller høgste grad interesserte han. Dei fleste ville kanskje tru at frå nå av ville han berre slå seg til ro med dette. Men nei, hans syn og geniale evner rakk vidare. Nå prosjekterte han sitt største kanalbygg: Fredrikshaldkanalen. Saman med vaktmester Haneborg og Lorange gjekk han i gang med bygginga. Det gjekk snøgt fram på grunn av den store arbeidsstokken, men til all ulukke vart det storflaum i Tista, så fleire sluser vart øudelagde.

Dette gjorde sitt til at arbeidet dro ut, så Soot fekk ikkje oppleva å sjå dette kanalbygget sitt ferdig. Soot døyde i 1869. Og han ligg gravlagd ved Øymark kjerke.

På plassen Sot står det ein høg stein til minne om denne framsynte kanalbyggjaren. I steinen er meisla inn det karakteristiske andletsdraget hans, og i eit lite rom under dette minneskerket ligg ei skildring av liv og gjerning. Han var gift med Elisabeth Amalie Haneborg frå Aurskog.

I året 1869 selde arvingane Sootkanalen til det kjende firmaet Saugbrugsforeningen. Etter at dette trelastfirmaet hadde tatt over kanalen, vart den «gigantiske høgbanen» riven og skinnegangen lagt i sløyfe rundt dalsøkken. Grunnen til dette var at eit par vogner hadde gått utfor og ned i dalbotnen. Slike hender ville ikkje Saugbrugsforeningen ha fleire av. Frå nå av nytta dei hestar til å dra vognene.

Da han Ola Velta vart vaksen, vart han fløtar ved Sootkanalen. Han og «Gammel-Ugleviken» skulle vera av dei beste innan heile fløtarlaget. I 1880-åra fekk kanalen si 16. sluse, og denne fekk namnet Andrea Wiel.  «Men den gangen var det itte nåen sjampanjedåp», sa han Ola Velta. Han Ola vart sidan fløtarsjef ved kanalen. Siste året han var med i fløringa var han sine 79 år gamal. Han hadde da vori ved denne kanalen i ca. 60 år.

Ein av dei som best hugsar Veltagubben er kanalfløtaren Oskar Velta. Han er nå 81 år, og bor i den vakre heimen sin ved Skjærvangen. Han Oskar har mang ein «passasi» å fortelje frå fløtarlivet. Det var mange hardhausar av dei gamle fløtarane, og serleg han Ola Velta.

I sine unge år ekserte han på Gardmoen, og der laut han kneppe rygg med Carl XV. Han Ola ville ikkje, men kongen fekk han til slutt fram. Endskapen vart at kongen tapte, enda han Ola let han få båe undertaka. Og Carl XV skulle ikkje ha vori nokon veik kar. Han Ola fekk ein sigar og ein blank sølvdaler av kongen. Og denne daleren hadde han Ola ikkje råd til å handla bort, men hadde han så lenge han levde.

Det var ikkje ein einaste mann i heile kompaniet som tok han Ola i ryggtak. Ein gang braut det høl i slusa Kongen, men han Ola visste råd. Han sette seg sjølv nedi hølet og heldt vatnet ute til folk kom og reparerte. Da skulle han ha sagt: — Nå var det nere på hekta, kærer!

– Ja, han Ola var over sæ sterk, sa han Oskar Velta. Je var med ‘n fleire ganger i Tangensmia og smidde før kanalen. Når det var meir enn trabelt, så to ‘n Ola di varme jeinna tur aveln med bæra næva og kasta dom bortetter, Han brukte aldri glorakar tel å kara i hop køla med, men krøkte og neitte (nytta) fingra –

Han Oskar Velta fortalde at dei tok til med arbeidet klokka halv sju om morgonen og var ferdig ved femtida om kvelden. Laget hadde ikkje anna kvile enn når slusene valt fylde med vatn. Å fylle Fredrikshald sluse tok ein halv time, og da tok karane middagen.

Den største av slusene var Norge. Den minste var Lensmann Haneborg. Romet var ikkje meir enn 25 alner langt og ca. 5 alner djupt. Den djupaste var Statsraad Stang, som var 10 alner djup og 25 alner lang. I denne slusa lyfte dei tømmeret  alner opp i været. Sluseportane var to store dører, som gjekk innover i slusekammerset ved hjelp av lange svingbommar eller vektstenger. To mann var nok til å åpna ein av dei største portane.

Heile fløtarlaget utgjorde 13 mann ved slusene, og 4 mann til å «kubblegge» ved sjøvika. Fløtinga i kanalen var delt mellom tre lag. I kvart lag var 4-5 mann.

  1. lag (førde i flåte) tømmeret saman ute i Skjærvangen og «kubbe-la» det ved sjøvika. Dei førde 14 «flakar» i slengen opp til Fredrikshald sluse. Dette laget greidde to vendinger på dagen, altså 28 flakar. Ein flake var om lag 10 tylfter, så det vart ikkje eit lite kvantum.
  2. lag tok så over og førde tømmeret oppover Brattfossen. Her kunne dei berre fløte to og to flakar om senna, og derfor hadde dette laget berre å få tømmeret opp til eit lite tjem millom den øvste og nedste slusegruppa.
  3. lag tok så tømmeret her og førde det opp til Mortskjølungen.

Langs heile denne sjøen vart så tømmeret dratt vidare til vestenden av sjøen, der dei lesste tømméret opp på dei små jernbanevognene. På denne måten vart det ført fram 140 tylfter på dagen frå Skjærvangen til Mortskjølungen med ei lita arbeidshjelp.

Verdt å merke seg er at i 1920 bygde Saugbrugsforeningen opp att den før rivne «høgbanen». Det synte seg altså at konstruksjonen til Soot var den beste. Berre med den skilnad at nå vart det brukt bensinmotor til trekkraft, der Soot hadde nytta dampmaskin.

Han Oskar Velta var med den gangen da eine porten rauk sund i Statsraad Stangs sluse. Det var i året 1929. – Fløtarane sto oppå kanten da dei la merke til at den eine porten tok til å svikte. «Soppene» (tømmerbommane) gjekk i filler, og det vart liggjande tømmerskjermer her og der oppover land. I all hast laut fløtarlaget få opp ei ny sluse. Dei heldt på natt og dag i to vikur før dei vart ferdige til å fløte att.

Det var mye gildt tømmer dei hadde om hender. Somt mælte 9 alen 14 tommar og ned til 8 alen 5 tommar. Men i Ola Velta sine dagar var det nok andre dimensjonar. Da var det nok ikkje langt millom dei stokkane som var sine 10 alen 14 tommar.

Siste år Sootkanalen var i bruk, var i 1930. Det var ikkje så lite tømmer som gjekk gjennom slusene om året. Han Oskar Velta skreiv ned dette kvantumet for dei siste 14 åra, altså frå 1917 til 1930. I dette tidsrommet hadde det gått 121.375 tylfter gjennom slusene:
Minst i året 1926 …… 800 tylfter
Mest i året 1920 ….16.000    »
Siste året, 1930      12.000     »

Ikkje alle åra fekk dei ta til med fløtinga like tidleg, det kom seg mye av hossen våren var. 1 1920 da dei bygde opp att «høgbanen» og fekk bensinmotor, tok dei til den 5. mai og helst på i 106 dagar. Dei vart ikkje ferdig før langt på sommaren.

Det kan vera verdt å nemna kva dagløna var for fløtaren etter århundreskiftet. Kring 1905 var det 4 kroner dagen. Så vart det ei lita stigning til jobbetida kom. Da vart det 10 kroner. Så gjekk det nedover att. Det siste året slusene gjekk, i 1930 — var det 7 kroner dagen.

Da kanlen vart nedlagd, hadde han vori i bruk i samfulle 82 år.

Nå i våre dagar – blir tømmeret tatt opp frå Skjærvangen ved den nye kjerraten ved Buvika. Derifrå blir så tømmeret kjørt med bilar fram til Tvillingtjern, men så går det stort sett den same vegen som i gamal tid.

Det gjekk ikkje så mange åra før Sootkanalen kom i forfall. Jernkonstruksjonane rusta opp, og treverket rotna ned. Snø, is, tele og vatn braut på, så at dei mest utsette stadene glei fundament og feste sund. Ved kvar sluse hadde det vori namnebrett, men dei fleste av desse vart borte. Eit desennium seinare var det mest livsfarleg å gå ut på restane av den gamle Sootkanalen. Mange tykte det var stor synd at den gamle kanalen skulle koma i slikt forfall, men til all lukke hadde Saugbrugsforeningen auga oppe og skjøna kva Sootkanalen var som kulturhistorisk verd.

Den gamle kanalfløtaren Oskar Velta var nå god å finna, og han fekk i oppdrag å setja alt i stand. Og han Oskar kjende til alt ved kanalen, heilt ned til den minste detalj. Med si livsrøynsle og sitt praktiske syn gjekk han med glede til denne oppgåva, som han løyste på aller beste måte. Og da restaureringa var ferdig, kunne kanalen høgtida 100 årsdagen sin.

Det er ei underleg kjensle som grip ein når ein går saman med Oskar Velta ein vakker sommarkveld ved Sootkanalen. Og det er ei umissande oppleving når han Oskar stanar her og der og legg ut om eitt og anna, medan minna frå dagar og netter ved kanalen går som ein smil over det senesterke andletet hans.

Sootkanalen står nå som eit ærverdig vitne og talar til dei komande slekter om hossen forfederne deira stridde for seg og sine her inne i dei milevide grenseskogane.

Ein hjartevarm takk til Saugbruksforeningen, og likeeins til den siste rest, av dei gamle kanalfløtarane.

Kjelder:
Litt om Soot-kanalen. En av  gammel-fløterne forteller. Av Fløtar-Lars i «Østlendingen (1938?)».
Gille: Sootkanalen og geniet som skapte den. I «Glåmdalen» julenr. 1944.
Kanalfløtaren Oskar Velta, fødd i 1878.


Kommentarer kan sendes til redaksjon@vestmarka.info.