Fra sti til kjerreveg på Bolskogen

Trykket i Jul på Eidskogen 1974.
Publisert på Vestmarkaboka 12.11. 2016


Lærer på Bolskogen i 1895-96, A. Haavoll, gjorde opptaket til å få laget kjørbar veg fra Bolfoss langs Godtjerntet og søretter til Uglevika og Sjelåa. Han forteller om dette i et brev til Karl Harstad, skrevet da Haavoll var tilsatt i Norsk Barneblad i 1941:
«Det fyrste møtet eg fekk saman, var på Godneset i 1895. Den våren døydde det ein gamal mann på Sandbakken, i verste vårløysinga. Eg var i jordferda. Dei bar og drog kista ned i ein pram og kom seg til sist til Skjelåa, nytta så slede- og hjulreiskap til Uglevika. Der laga dei «slep», to lange’ granstenger, surra kista oppå, sette hesten for og tok seg fram skogleies mot Buvika og fram til Godneset. Myrane bar ikkje lenger. Over Godtjernet slo dei seg råk til Bolfoss, og endeleg fekk dei kista på ei arbeidsvogn og kunne køyra til Vestmarka. Det var mest middag før likferda for frå Bolfoss, endå folk samlast i Sandbakken i 7-8-tida om morgonen.
Dett var visst helst denne jordferda som sette skot i meg, og eg fekk folk saman på Godneset. Men det var så mange omsyn og særinteresser. Dei frå Skjelåkrinsen ville plent ha vegen over Buvikdammen. Det vart mykje stuttare for dei å nå Vestmarka om Ljøner. Ljøner’n i Skjelåa ville ha vegen til si stovedør, gamle Falstad’n og. Krokstadkarane og Uglevikgrenda ville ha stuttaste vegen til Grasmoen. Og så kom vi ingen veg. Buviklina fall bort tolleg snøgt, for ei bru over dammen var ein kostesam plan, og gamle Øiset’n (Anders?) ville ikkje vita av kluss nedved saga si på Buvika. – Ferdig med det!
Eg prata med folk og la planar. Fekk til eit nytt møte i Uglevika våren 1896 etter at eg hadde rådført meg med vaktm. Haneborg. Det yar visst ein grunneigar som heitte Nordbye og, i søre Bolskogen.
I Uglevikmøtet gjorde eg framlegg om å rydja ein kjerreveg så ein kunne taka seg fram med hjul mel- lom Bolfoss og Uglevika. Då stod ein ikkje heilt fast, meinte eg, og så fekk dei sidan dryfta større planar om vegen til Grasmoen, Buvikdammen og alt slikt. Når Bolskog-folk skulle til Oslo, glekk dei ofte over Haugrim. Den vegen kom det mang ei tung brennevinsbør. Eg lokka med at fekk ein stelt på vegen nordover der, kunne ein køyra fram til Aurskog, radt frå Skjelåa.
Endskapen på Uglevikmøtet våren 1896 vart at kvar gard og plass skulle giera nokre dagsverk og bryta seg frå Bolfoss til Uglevika. Eg gav pengar til like mange dagsverk som dei andre ville gjera. Det hjelpte elles godt at eg kunne leggia fram løyve frå grunneigarane, og eg trur mest at Haneborg påla bror Dykkar, Alfred, å svara dagsverk frå Fossen og.
Då eg reiste frampå hausten 1896, var vegen rundt Godtjernet farande. Kva som sidan hende veit eg ikkje.  Men eg hugsar at ein av Krokstadkarane var strid på å få fastslegi at vegen skulle om Krokstad. Men det fekk eg snakka bort med at fyrst måtte grunnspørsmålet der vera ordna, og mannen gav seg. Men han sigra til slutt, skjønar eg no!

Eg har så ofte hatt hug til å sjå oppatt på Bolskogen, sjå vegen og gamle tufter; men no må ein ha pass og!»


Kommentarer kan sendes til redaksjon@vestmarka.info.